Velkomen til nettstaden vår. Me håpar du vil kome med tilbakemeldingar om det er noko som kan bli betre, eller om det er noko du saknar her.
Lærdal Ride- og køyreklubb vart danna i 2005 og me har aukande antall medlemar. Me har desverre ingen fellesstall og utleigehestar, men me har god stao-pao-vilje og held til litt forskjellige plassar i Lærdal. Medlemane bur alt ifrå øvst i Borgund til ytst i Erdal 
Me disponerar ei utebana på 25 x 60 m med flomlys, 7 paddockar på 3 x 3.5 og 3 på 5 x 3.5 m i Borgund. Prisen for bruk av bana er satt til 500,- kr i året pr familie.
Ta ein tur rundt på sidene og sjå litt kva me held på med. Dersom de har spørsmål, eller berre ynskjer å ta ein hesteprat, må de gjerne ta kontakt.
Har du bilete og info om ting du har delteke på med hesten din, send det til oss så me får lagt det ut på sidene.
Dersom du driv i næringsbransjen og ynskjer å bli sponsor, må du gå inn på linken "Sponsorar" for å få vite meir.