 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
Kva er fordelene med å vere medlem i klubben?
 Du får vere med å utvikle og bygge opp rundt hestesporten i bygda di.  Du får vere med på morosame og lærerike aktivitetar.  Du får fordelaktige prisar på kurs, arrangemang o.l.  Du får muligheiten til å benytte deg av den flotte 25 x 60 m ridebana som er på Borgund.  Klubben er medlem av Norges Rytterforbund, Norges Idrettsforbund og Sogn og Fjordane Ryttarkrins, og dette gjer at du blir automatisk medlem av desse òg.  Du får medlemsbladet til Norges Rytterforbund "Hestesport" tilsendt til husstanden din 8 gonger til ein verdi av 250 kr.  Du får lære om hest og hestehald i eit positivt miljø.
Kva gjer du for å melde deg inn og kva er prisane?
Du skriv namnet og alder på alle du vil melde inn og betalar den rette summen inn på kontonr: 3730.02.13457
NB! Det er viktig at du skriv namn og alder på ALLE medlemane du melder inn, også alle i familien dersom det er familiemedlemskap.
Dette er oppdaterte prisar for året 2012:
Junior, 0 år - t.o.m. 16 år: 350,- i året
Senior, 17 år og oppover: 400,- i året
Familie: 750,- i året
Sekundærmedlem(hovudmedlem i annan klubb) 150,- i året - Familie 300,- i året
Sponsormedlem 50,- i året
Baneleige 500,- i året (dette gjeld alle i familien)
|
|
|
 |