Referat frå møter
Referat frå årsmøte 24.01.12

Årsmøte 24/1 2012 på Borgund

1. Val av skrivar: Linda Natvik

2. Val møteleiar: Monica Helland

3. Godkjenning av frammøtte representantar: Ja

4. Godkjenning av innkalling: Kan bli bedre. Lengre frist på innkalling. Tidligare ute med plakat, ev større plakat. Bruke sms/mail?

5.Godkjenning av sakliste: ok

6. Val av 2 pers til å skrive under møtebok: Jon Gram og Olav Hagheim

7. Monica går igjennom årsmeldinga

8. Linda skulle gå igjennom rekneskapen, men er ikkje ferdig med den. Blir sendt ut til dei som ynskjer det i etterkant.

9. Val av nye styremedlemmar: Må ha inn 2 nye styremedlemmar. Ingen frå valkomiteen er til stades. Edel Mo er spurt, skulle tenka på det. Ruth Inger Nesse ha sagt ja, John Gram blir valgt inn.

10. Varamedlemmar er Grete Kleppe og Olav Hagheim.

11.Valkomite: Bjørn Vidar og Arne Kvamme blir bytt ut av Ingvild Natvik og Arnhild Marie Kvamme.

12. Greinutvalget blir revidert:
Turridning Anne Britt og Vanja
Sprang: Arnhild
Dressur: Linda og Monica
Køyring: Monica og Liv Johanne
Ungdomsrep: Vanja

13. Terminliste for 2012, info om stevner


STYREMØTE 14.10.11

REFERAT STYREMØTE  LRKK 14.10.11

 

Desse møtte: Arnhild, Liv Johanne, Anne-Britt og  Monica

 

Sak 1: Speakeranlegg

Speakeranlegget me får låna til bruk under stevner, vart ikkje funne att etter forrige stevne. Det vart leita etter lenge, men er no funne att. Den som er speaker under stevner har ansvar for å hente det, og sette det på plass. Kun vaksen person bør ha den oppgåva, sidan anlegget er såpass kostbart, og det heller ikkje er vårast anlegg.

Sak2 : Terminliste, datoar for neste års stevner.

Bestemt at det skal vera eitt D-stevne per grein. Skal prøve så godt det let seg gjera å ha rekrutteringsklassar under alle stevner, for eks bomklasse under sprang, og kostymeridning, ev gymkhana.  

Datoane for neste år blir:

Køyring : 3.juni, eller ev 19.mai

Sprang: 8.juli, eller ev 1.juli

Dressur : 26.august eller ev 19.august

OBS!!Desse datoane er ikkje sikre før dei har vore oppe til terminlistemøte hjå ryttarkrinsen 5.nov.

Sak 3: Kven vil reise på terminlistemøte 5.nov?

Det vert satsa på at Arnhild og Liv Johanne reiser opp. Anne-Britt kan også ev reise ved frafall av andre. Linda skal enten jobbe eller kan ikkje komme før seinare. Monica jobbar. Må meldast inn til kretsen innen 31.okt.

 

 

Your headline

REFERAT MEDLEMSMØTE LRKK 12.08.11

 

Desse møtte: Arnhild, Liv Johanne, Silje, Stein Vidar, Monica, Linda, Ingvild, Knut, Gro, Jon.

 

Sak 1: Styret

En styremedlem av dei opprinnelige 6, og ein varamedlem har meldt avgang pga flytting. Det vart på møtet bestemt at vi klarar oss med 5 styremedlemar. Ny vara er no Jon Gram istaden for Ragnhild Bjørkum. Ingen ny trer inn i styret for Emmakaisa Metsamaki.

Sak 2: Ridebana og reglar for bruk

Pga av eindel dårlig oppattrydding etter bruk av ridebana, blir det no skreve reglar som må følgast. Reglane vart gått gjennom muntlig på møtet, og blir skrevne ned og hengt opp synlig for alle som brukar bana.

Sak 3: Stevne

Dressurstevne 20 august vart planlagt ift oppgåver stevnedagen. Manglar portåpnar og kioskpersonell. Skal skriva ned ein mal over oppgåver som må gjerast til kvart stevne slik at det blir lettare å arrangere. Det blir dugnad for å gjera klart anlegget fredag 19. august kl 18.00

Sak 4: Ymse

Arnhild og Liv Johanne har lyst å bestilla Team Lærdal jakker! Dei har vore i kontakt med Stormberg og fått eit tilbud på svarte Morild ytterjakker til  599 kr. Les meir på facebook sida til Team Lærdal!! Jakkene blir bestilt iløpet av få dagar.

 

Ref. Monica Helland

 

Your headline
REFERAT STYREMØTE 26.DESEMBER 2010

Desse møtte: Anne-Britt, Monica, Linda og Arnhild

Sak 1:  AEG og Promotion cup

Me ligger an til å få plass til heste og ponni ekvipasje for å ri på AEG. Diskuterte litt rundt om kven ein kan senda til AEG.  Ingenting er heilt bestemt enno.

Sak 2: STYRET 2011

Leiar, kasserer, og ein styremedlem er på valg i år. Ragnhild Einemo vil ut av styret. Monica og Linda stiller til gjenvalg. Valgkomiteén er kontakta.

Oppgåvefordelingen i styret for 2011 blir noko forandra. B.l.a er no Arnhild som har ansvar for å lage proppar til stevne, medan det å skaffe dommer blir fordelt på fleire. Monica er ansvarlig for dommer/banebyggar til køyrestevnet, Linda for dommer til dressurstevnet, og Arnhild for dommer/banebyggar til sprangstevnet.

Sak 3: ÅRSMØTE 2011

Blir avholdt på Kvammes 26.januar. Informasjonsbrev vil bli sendt ut.
Det blir lett stigning i medlemsavgiften på 10 kr per medlemskap. Giroar vil bli sendt ut.
Frist for “gamle” medlemmar å betale medlemskap er 20.februar, ellers blir Hestesport stoppa.

Ref Monica


Your headline
REFERAT FRÅ STYREMØTE 11.AUGUST 2010

Desse møtte: Monica, Linda, Anne-Britt, Emma og Arnhild

Sak 1: Underlag på ridebana.
Det trengs påfyll av grus på utebana. Det skal kjøpast hjå Voll Lunde maskin for kr 15.000. Då er sponsing med kr 5000 inkludert+ diesel. Arbeidet skal gjerast på dugnad.

Sak 2: Økonomi:
Vedteke at me skal køyra ut Biltema katalogar dersom tilbudet kjem...
Ikkje alle har fått solgt og betalt inn kakeboksane me skulle selga i vår.....

Sak 3: Ridehall:
Me har fått ein cirka pris på hall hjå AH bygg i Sogndal. Isolert hall 24x80 meter, kjem på cirka 4 mill inkludert grunnarbeid og hallen ferdig oppsett. Prisen ligg på cirka 2000 kr kvar kvm.
Avventar tilbud frå andre forhandlarar til samanlikning. Prosjkektgruppa for hallen må no jobbe videre med saken.

Sak 4: Stevne:
Dressurstevne 15. august blir flytta til 5. sept grunna lite påmeldte. Da blir det ei heil hestehelg med sprangstevne 4. sept og dressur 5. sept. På sprangen blir det ein åpen klasse som ikkje går inn under stevne, med kostymehopping, sannsynleg mellom 20-40 cm klasse. Alle kan delta, trengs ikkje klubbmedlemskap for dette. Målet er å rekruttera dei minste...
På dressuren søndagen blir det i LC1 klassen innlagt "husmormesterskap", der dei eldste i klubben får mulighet å sjå kven som er den sterkaste kandidaten i dressur!

Sak 5: Haustmarknad.
Me må prøve å få til barneridning og bod under marknaden.

Sak 6: Aktivitet:
Få til kurs/treningar utover haust/vinter.
AEG i februar, reise ein gjeng frå klubben dit?? Dersom nokon vil på AEG, er det fint om Monica kan få ein lyd, dersom me bestiller gjennom klubben, får me mulighet til å delta på promotin cup. Får poeng per medlem som kjøper bilett, og me kan få mulighet å få plass til ein deltakar frå klubben på AEG.


Ref, Monica

Your headline
REFERAT FRA ÅRSMØTE I LRKK 29.01.2010

Oppmøtte: Monica, Knut, Linda, Anne-Britt, Emma, Arnhild, Amalie, Ida Mathilde, Ingvild, Arne, Ingrid, Liv Johanne, Jon

1. Framøtte representanter vart godkjent.

2. Innkallinga vart godkjent, men me lyt neste år prøva å få den bedre fram, eventuelt senda den i lag med medlemsgiroen i posten.

3. Saklista vart godkjent.

4. Monica vart vald som møteleiar

5. Skrivar vart Amalie Standal

6. Arne Kvamme og Jon Gram skriv under møteboki.

7. Reknskap:
Linda gjekk igjennom klubbens økonomi, per dags dato har klubben 25.000 kr på konto.
Inntekter frå tlf kataloger har me mista.
Må vurdere kakesalg til påske for inntjening.

8. Årsmeldinga, denne vart gjennomgått av Monica.

9. Valg:
              Leiar Monica Helland , fram til 2011
              Nestleiar Anne-Britt Helland, fram til 2012
              Kasserar Linda Natvik, fram til 2011
              Styremedlem Emmakaisa Metsamaki, fram til 2012
              Styremedlem Ragnhild Einemo, fram til 2012
              Styremedlem Arnhild Kvamme, fram til 2012

Vara Bjørn Vidar Norheim og Anne Molde, fram til 2011.

Ny valnemd er Liv Johanne Gram og Arne Kvamme

10. Innkomne saker:
- AEG, Arnhild informerte om fordelene ved å reise på AEG framfor OHS, fordelene går på at klubben for poeng for antall medlemmar som reiser dit, og kan dermed få ein plass til ein deltakende ekvipasje på AEG dersom me får nok poeng.

- Ridehallen, me sette ned ei prosjektgruppe til å jobbe med dette. Anne-Britt er leiar i denne gruppa som ellers består av Monica, Emma og Arne.
Arne jobbar med å få med kvalifiserte folk til teikning o.l
Anne- Britt har ansvar for å kalle inn til møter i denne gruppa.


- Klubben har eit party telt som me gjerne leiger ut for 100 kr dagen, Er ca 8x 2-3 meter stort.

- For dei som reiser på obligatoriske møter i rytterkrinsen, får ein dekka 2kr per km i køying. Bom og ferje vert dekka av klubben som før.

- Me må arrangera ei køyretrening før køyrestevnet som skal vera 29.mai.

- Kurs og treningar  må bli dyrere for ikkje- medlemmar, medlemmene må ha meir fordeler her.

- Har fått tilbud på å kjøpe ei brukt hinderpakke, kan kjøpas dersom den blir pruta ned.

- FK tilbyr Eldonor/Champion dekken som premie til stevne. Klubbmesterskap/Husmorklasse kan vera dekken-premiert.






Your headline
REFERAT FRA STYREMØTE 07.01.10

Desse møtte: Monica, Emma, Anne-Britt, Jørgen, Ragnhild E og Linda.

Sak 1: Valg av styre for 2010

Jørgen har sete 2 år, og er no på valg, han ynskjer ikke å fortsetta i styret.
Emma har sete 2 år, og er no på valg, ynskjer å fortsetta i styret.
Ann-Britt (nestleiar), har sete 2 år, er no på valg, ynskjer å fortsetta i styret.
Monica (leiar) vart konstituert midt i året, må derfor velgast formelt inn dersom ho skal vera leiar fortsatt, noko ho ynskjer.

Valkomiteen som er Bjørn Vidar og Anne M, er kontakta skriftlig.


Sak 2: Medlemskontigent for 2010

Medlemskontigenten har vore stabil dei siste 2 åra.
Hestesport aukar til 190 kr i 2010, me lyt derfor auka.

Nye prisar for 2010
 
Junior  fra 290 kr til 310kr
Senior fra 340kr til 360kr
Familie fra 690kr til 710 kr

Dei andre medlemskapa er sekundærmedlemskap eller støtte, så desse er som før.
Betalingsfristen på medlemskap blir satt til 25.februar. Linda sender ut giroar.

Sak3: Idrettsregistreing

Monica informerte litt om emnet.
Me er påmelde til kurs i dette på Mo i Førde 17.januar. Monica reiser dit.


Sak 4: Årsmøte

Me må avholde årsmøte før 7.februar mtp ryttarkrinsen sin årsmøte.
Monica kjem tilbake med tid og stad.

Sak 5: Ridehall

Me lyt setta ned ei prosjektgruppe til å jobbe målretta med ridehallen. Me vonar at Arne K vil ta på seg oppgava med å skaffe dei nødvendige folka til dette arbeidet. Hallen må kostnadskalkulerast og teiknast.
Monica, Anne-Britt og Monica vil bli med fra klubben i dette arbeidet.


Referent Monica Helland